Aktuelt

Prioriterer Ny lufthavn Bodø

Bildet: Regjeringa foreslår å løyve 250 millionar kroner for å ta høgde for behov for økonomisk støtte til Avinor i andre kvartal i år. Illustrasjonsfoto: Bodø kommune.

Revidert nasjonalbudsjett: Regjeringa vil gi Avinor økonomisk handlingsrom til å kunne vedta bygging av ny lufthamn i Bodø.

– Flytting av Bodø lufthamn er viktig for byutviklinga i Bodø. Eg kan derfor forstå at dei lokalt er utålmodige etter å setje spaden i jorda. Men pandemien råka Avinor hardt økonomisk, slik at selskapet måtte utsetje utbyggingsvedtaket for den nye lufthamna.

Større økonomisk handlingsrom

– Regjeringa foreslår no å auke statens økonomiske bidrag til luftahamna, i tillegg til at staten skal påta seg halvparten av risikoen ved uventa kostnadsauke i byggjefasen. Med dette får Avinor eit større økonomisk handlingrom til å kunne gjere eit utbyggingsvedtak, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

I januar i år kunngjorde Avinor at selskapet hadde utsett utbyggingsvedtaket for den nye lufthamna i Bodø med 12 månader. Grunnen var den svekte økonomiske situasjonen i selskapet som følgje av pandemien, og at Avinor då ikkje kunne påta seg den økonomiske risikoen ved å gå i gang med utbyggingsprosjektet.

Vil ta halvparten av kostnadsrisikoen

Regjeringa foreslår å auke bidraget staten gir til den nye lufthamna med 390 millionar kroner og redusere bidraget til Avinor med same beløp. Med dette vil netto finansieringbyrde for staten utgjere 3 114 millionar kroner. I tillegg kjem utgifter til opprydding på dagens lufthamn og tilpasningar for Forsvaret på nye Bodø lufthamn.

Regjeringa vil óg ta halvparten av risikoen for uventa kostnadsauke i byggjefasen for den nye lufthamna. Med desse føreslåtte tiltaka ønskjer regjeringa å leggje til rette for at Avinor kan gjere et utbyggingsvedtak for den nye lufthamna.

I dialog med ESA   

Finansieringa av den nye lufthaman utgjer offentleg støtte etter EU/EØS-regelverket. I statsbudsjettet for 2022 løyvde Stortinget 200 millionar kroner til Avinor til planlegging av den nye lufthamna.

For å kunne utbetale offentlege midlar og gå i gang med bygging, må finansieringa på førehand vere godkjent av EFTAs overvakingsorgan ESA. Samferdselsdepartementet er i dialog med ESA om saka. Ei godkjenning er venta å vere klar i 2023. Før det kan ikkje løyvinga på 200 millionar kroner bli utbetalt.

Foreslår økonomisk støtte til Avinor

Koronapandemien har ført til ein svekt økonomisk situasjon for Avinor. Generalforsamlinga i Avinor har på denne bakgrunn gitt selskapet mellombels adgang i 2022 til å avvike eigenkapitalkravet på 40 prosent, men ikkje under 35 prosent.

Regjeringa foreslår å løyve 250 millionar kroner for å ta høgde for behov for økonomisk støtte til Avinor i andre kvartal i år. Dette vil leggje til rette for at eigenkapitalandelen til selskaper ikkje fell under 35 prosent.