Infrastruktur

Bygger infrastruktur ved nye SUS

Kollektivtraséen kjem mellom Jåttå og det nye sjukehuset på Ullandhaug.

Stangeland Maskin AS skal ha godt 216 millionar kroner for jobben med å bygge kollektivtraseen mellom Jåttå og Ullandhaug.

Den nye kollektivtraseen langs fylkesveg 0044 er en del av Bymiljøpakken og skal vere ferdig 31. desember 2024. Prosjektet er eit rekkefølgekrav til nye SUS.

Viktig strekning
Desse fire entreprenørane leverte tilbod (tilbodssummen i parentes).

  • Stangeland Maskin AS (216 443 819,60 millionar kroner).
  • Risa AS (230 220 393,87 millionar kroner)
  • Nordbø Maskin AS/Jærentreprenør AS (241 873 373,85 millionar kroner).
  • Skanska Norge AS (264 627 996,00 millionar kroner).

Alle summar er utan moms.

Rogaland fylkeskommune kjem til å skrive kontrakt med Stangeland når den ti dagar lange klagefristen (karensperiode) er over 18. august.

I dag går kollektivtrafikken saman med biltrafikk på strekninga. Når kollektivtraséen er ferdig, får bussen eit eige felt, parallelt med bilvegen.

— Ved Jåttå koplar vi oss til Bussveien, i andre enden, til kollektivtraséen som går gjennom det nye sjukehus- og universitetsområdet. Det er ei viktig strekning for kollektivtrafikken, seier prosjektleiar i fylkeskommunen, Even Vike.

Kollektivtraséen kjem langs Diagonalen og Madlaveien. Langs traséen blir det sykkelveg med fortau. Fortauet går nokre stadar i gater utanfor traséen, mens sykkelvegen følger kollektivtraséen heile vegen.

Litt av det som blir bygt

  • Parallelført kollektivtrasé på nord-austsida av dagens køyreveg​

  • Sykkelveg med fortau 

  • Tre haldeplassar med kantstopp​

  • Påkøyringsrampe til motorvegen ved Diagonalen

I tillegg blir to undergangar forlenga. 

Prosjektet er finansiert av staten gjennom Bymiljøpakken.