Jobb

VA-ingeniør / saksbehandler

Bjørnafjorden kommune tilbyr 100 prosent fast stilling som VA-ingeniør / saksbehandlar.

Bjørnafjorden kommune har omlag 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 er reisetida til Bergen halvert. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggaraneog lokalsamfunnet. 

Vi har oppgåver innan utvikling av den tekniske infrastrukturen, både for eksisterande VA-nett og for nyanlegg. Vi treng derfor fleire motiverte medarbeidarar som skal jobbe med forvaltning, drift og vedlikehald innan VA-området på eining for Samferdsle og VA. 

Har du bakgrunn frå VA-planlegging, drift, prosjektering eller teknisk VA-arbeid og lyst til å utvikle deg vidare innan digital VA-forvaltning, dataanalyse og saksbehandling? Eller er du nyutdanna ingeniør med interesse for VA og digitale verktøy? 

Denne stillinga gir deg høve til å bruke erfaringa eller utdanninga di i ein ny kontekst med kombinasjon av saksbehandling, kartarbeid og datadrevne verktøy som støttar prioritering, planlegging og trygg drift. Stillinga er delt i om lag 50 % saksbehandling innan vatn og avløp og 50 % VA-ingeniørarbeid knytt til kart, driftsdata og modellering. 

Arbeidsoppgåver

Del 1 Saksbehandling vatn og avløp (50 %): 

Saksbehandling etter blant anna forvaltningslova, forureiningslova og plan- og bygningslova. 

  • Saksbehandling innanfor vatn, avløp og overvatn 
  • Uttaler til byggesak 
  • Dispensasjonssøknader i høve vatn og avløp, byggegrenser mot offentlege leidningar 
  • Oppfølging av tekniske planer 
  • Samhandling mot andre einingar i kommunen 
  • Andre oppgåver innanfor området 

Del 2 VA-ingeniør kart, driftsdata og modellering (ca. 50 %) 

  • Datadriven drift og beslutningsgrunnlag 
  • Analyseverktøy (QGIS, Python og VA-modellar) 
  • Driftsdataanalyse og faglege vurderingar 
  • VA-kartforvaltning 

Kvalifikasjonar

  • Bachelorutdanning innan VA-teknikk, bygg- og miljøteknikk eller geomatikk/kart og relevant ingeniørutdanning. 
  • Erfaring frå VA-teknisk arbeid, drift eller planlegging blir vurdert som positivt. 
  • Fordel med kjennskap til relevant lovverk (forureiningslova, forureiningsforskrifta, drikkevassforskrifta, plan- og bygningslova m.m.), men ikkje eit krav for nyutdanna. 
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, og evne til å skrive tydelege brev, vedtak og faglege notat. 
  • Førarkort klasse B. 

Personlege eigenskapar

  • Lærevillig, analytisk og nysgjerrig på bruk av data i VA-forvaltning. 
  • Strukturert og sjølvstendig, samstundes som du trivst med tverrfagleg samarbeid. 
  • Interesse for vatn- og avløpsteknikk og motivasjon for å byggje kompetanse på VA-system og dataanalyse. 
  • Praktisk forståing for VA-system og interesse for digitale løysingar (t.d. QGIS, Gemini VA, driftsdata, Python), 3. Du må ikkje kunne alt vi ser etter både ferdigheiter og læringsvilje. 

Vi tilbyr:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. 
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 
  • Løn etter gjeldande avtalar.  
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen. 

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. 

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Arbeidssted: Industrivegen 96, 5210 Os

Søknadsfrist: 19. januar 2026

Om arbeidsgiveren:

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden.

Er det deg?