Infrastruktur

Skanska og Vassbakk & Stol oppgraderer E16 Lærdalstunnelen

Bildet: Lærdalstunnelen vart opna i år 2000, og er no klar for oppgradering. Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk & Stol leverte det beste tilbodet på oppgradering av E16 Lærdalstunnelen. Arbeidet startar i september.

Etter ein åtte månader lang konkurranse med forhandlingar er det no bestemt kven som er innstilt til å oppgradere verdas lengste vegtunnel på 24,5 kilometer. Arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk & Stol er i dag tildelt kontrakta og kontraktssummen er på 1,6 milliardar kroner. Dei andre entreprenørane som var med i konkurransen har no ti dagars klagefrist før kontraktsignering kan skje.

– Arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk & Stol har levert det beste tilbodet, og me ser no fram til komme i gang med arbeidet i tunnelen, seier prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen.

Lange nattestengingar

Lærdalstunnelen bind saman Aurland og Lærdal kommune på kvar si side. Tunnelen er ein sentral brikke for å få folk og varer fram mellom Bergen og Oslo, sidan tunnelen leier fram til fjellovergangane Rv.52 Hemsedalsfjellet og E16 Filefjell.

Frå september må trafikantane førebu seg på lange nattstengingar i Lærdalstunnelen, frå kl. 18.00 til kl. 06.00.

Frå juli 2028 er det planlagt kortare nattestengingar frå 22.30 til 06.00, og frå november 2028 og ut prosjektperioden blir det ope på natt, med noko trafikkregulering.

Utfordrande geologi

– 12-timars nattestenging er nødvendig for å kunne handtere dei utfordrande geologiske tilhøva i tunnelen, og sikre oss god framdrift. Me skal halde ein svært høg produksjon i løpet av dei tre åra oppgraderinga pågår, og sprengingsarbeid og elektroarbeid vil skje samtidig i forskjellige delar av tunnelen, seier Svardal.

For lokale bebuarar i Aurland og Lærdal blir det eit busstilbod med tre avgangar på kveldstid frå begge sider av tunnelen før midnatt. Elles skal det vere mogleg å få fram utrykkingskøyretøy gjennom tunnelen på kort varsel når det står om liv og helse.

– Planlegg reisa di!

Statens vegvesen tilrår at du planlegg reisa di dersom du skal køyre mellom Austlandet og Vestlandet frå hausten av, og spesielt på E16 mellom Bergen og Lærdal. Det er lurt å bruke vegvesen.no/trafikk før du køyrer, eller aller helst installere Vegvesenet sin Trafikk-app på mobilen. Vi oppmodar deg til å reise på dagtid, og vurdere om du kan ta i bruk alternative ruter.

Rv.7 Hardangervidda blir ein viktig omkøyringsveg på nattestid, og i tillegg kjem Vikafjellet inn som eit alternativ, men med brattare stigning. Det blir sett inn ekstra nattavgangar på ferjesambandet Vangsnes-Hella, som eit avbøtande tiltak under oppgraderinga.

Også arbeid på dagtid

På dagtid kan entreprenøren utføre arbeid som ikkje krev stenging. Då vil tunnelen vere open for trafikk, men kan bli snevra inn til eitt køyrefelt på korte strekningar med lysregulering.

På grunn av tunnelen sin viktige funksjon som transportåre aust-vest, er det planlagt at når Hardangervidda er stengd under uvêr vinterstid, skal Lærdalstunnelen haldast open. Dette er det kontraktsfesta at entreprenøren må tilpasse seg.

Heile oppgraderinga av Lærdalstunnelen skal vere ferdig utført hausten 2029.

logo
Bjørn Laberg