Leirvik AS har fått i oppdrag å bygge og levere ei gangbru i aluminium som skal knyte saman Nygårdsgaten og Marineholmen i Bergen sentrum.
Prosjektet, som har fått namnet Marinebroen, er eit viktig bidrag til byutviklinga i området og markerer eit stort steg i Leirvik AS si satsing innan brukonstruksjonar i aluminium. Med denne brua vil ein no kunne gå langs promenaden i heile Solheimsviken utan å forlate bryggekanten.
Leirvik AS er underleverandør til hovudentreprenør Consto Anlegg Vest AS, medan GC Rieber Eiendom AS er byggherre for prosjektet. Den 60 meter lange brua blir Noregs lengste aluminiumsbru og er planlagt som ei lett, moderne bru. Heile brukonstruksjonen, inkludert rekkverk, blir levert i vedlikehaldsfri aluminium. Brua får eit elegant og tidlaust uttrykk med rein overflate.
– Me er ekstremt glade for å ha fått tilliten frå GC Rieber Eiendom AS og Consto Anlegg Vest AS i dette prosjektet. Marinebroen blir den lengste gangbrua i aluminium me har levert, og det gir oss verdifulle erfaringar i den vidare utviklinga vår som leverandør av aluminiumsbruer, seier Helge Gjøsæter, CEO i Leirvik AS.
Smidig gjennomføringsplan
Prosjektering av brua er allereie begynt, og i januar 2026 vil byggeprosessen starte opp ved verftet til Leirvik AS på Stord. Brua blir bygd i to 30 meter lange delar. Desse blir frakta med lekter til Solheimsviken, der dei skal monterast direkte på stålpælar som Consto Anlegg Vest AS har ansvaret for. Innløft av brudelane på byggeplass skjer våren 2026, og brua skal stå ferdig og klar for bruk sommaren 2026.
Aluminium som framtidsmateriale
GC Rieber Eiendom AS har valt aluminium som hovudmateriale i brua av fleire grunnar:
- Aluminiumen som skal brukast er 100 % resirkulerbar.
- Materialet i brua har høg resirkuleringsgrad og gir dermed eit svært lågt CO₂ avtrykk.
- Materialet gir ei levetid på minimum 100 år og krev minimalt med vedlikehald, noko som reduserer både kostnader og miljøpåverknad.
- Lett vekt gir rask montasje og kort byggetid på byggeplass.
- Brua bidreg til ei innovativ og berekraftig byutvikling – i tråd med GC Rieber Eiendom AS sine verdiar.
Brua får ei sandblåst overflate som gir eit reint og metallisk uttrykk utan produksjonsmerke. Rekkverket, designa av Leirvik AS sin eigen arkitektavdeling, følgjer brua sin sving og får integrerte LED-lys i topprekka for god belysning for publikum. Rekkverket er utforma med tanke på styrke, klatrevern, fleksibel montasje – og ei levetid på over 100 år utan vedlikehald.
– Prosjektet kombinerer moderne design med praktiske løysingar og berekraftige materialval. Dette viser korleis aluminium kan brukast innovativt i ny infrastruktur, seier Helge Gjøsæter, CEO i Leirvik AS.
Om Leirvik: - Med over 79 års historie har Leirvik AS etablert seg som ein verdsleiande leverandør av store aluminiumskonstruksjonar.
- Frå å levere hovudsakleg bustadkvarter både til lands og til havs, har Leirvik AS utvida marknadsområda sine til å inkludere akvakultur, infrastruktur og havvind offshore.
- Leirvik AS kan levere eit breitt utval av aluminiumsbruer, frå gangbruer til store hengebruer som strekkjer seg opp til 1500 meter. Leirvik AS legg vekt på å bruke slitesterke og resirkulerbare materialar med lågt klimaavtrykk, for å redusere utslepp og skape produkt som passar inn i ein meir sirkulær økonomi.
- Leirvik AS har dei siste åra etablert seg som ein seriøs aktør innan bygging av bruer i aluminium. I tillegg til Marinebroen i Bergen, nærmar det seg no offisiell opning av Hangarbrua – ei gang- og sykkelbru til Leangen i Trondheim levert av Leirvik AS. Samtidig er Leirvik AS i gang med prosjektarbeidet for Grøtta bru – ei bilbru i aluminium som blir bygd for Møre og Romsdal fylkeskommune.