Ønsker du å ta vare på og utvikle bygningsarven og kulturminna sin funksjon i levande, gode lokalsamfunn?
Stillinga som rådgivar er plassert i Kulturavdelinga, Seksjon for kulturmiljø og friluftsliv.
Seksjon for kulturarv har 17 tilsette, fordelt på tre faggrupper innafor bygningsvern og nyare tids kulturminne, landskap og friluftsliv og arkeologi. Seksjonen vert leia av ein seksjonsleiar. Arbeidsstad er Molde. Du må rekne med ein del reising i heile fylket. Den som tiltrer stillinga får vere med å utvikle kulturmiljøfeltet i eit attraktivt og vakkert fylke, både geografisk og kulturelt.
Vi søker ein engasjert medarbeidar med stor interesse for bygningsarven vår, og som ser ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø som ein del av den heilskaplege samfunnsutviklinga. Du må arbeide godt i nettverk, vere ein pådrivar og ha gode evne til dialog og samhandling, med kommunar, eigarar, utbyggjarar, lag, foreiningar, museumstilsette og handverkarar.
Arbeidsoppgåver
- Forvaltning av freda og verneverdige bygg og anlegg. Følge opp eigarar med rettleiing og behandling av søknadar om dispensasjon og tilskot.
- Forvaltning av by- og tettstadar. Ivareta kulturmiljøinteressene i plan- og byggesaker og som rettleiar for kommunane.
- Forvaltning av verdsarv, blant anna å følge opp istandsetting med tilskot og rettleiing.
- Bidra i regional planlegging og til utvikling av rolla som rettleiar og sektormynde i plan- og byggesaker.
- Vere ein pådrivar for utvikling av kulturarven gjennom prosjekt, kompetanse- og nettverksbygging.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innafor eit eller fleire av faga arkitektur, kulturminneforvaltning, kulturhistorie, fysisk planlegging, kunsthistorie eller tradisjonelt bygghandverk
- Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Førarkort, kl. B
- God digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ønskeleg at du har:
- Erfaring frå offentleg forvaltning innafor kulturmiljøforvaltning
- Erfaring frå plan- og byggesaksbehandling og/eller regional planlegging
- Kunnskap om prosess- og prosjektledelse
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, sjølvstendig og god gjennomføringsevne
- Strukturert og kan halde fristar. Kunne prioritere blant oppgåver.
- Evne til å formidle og kommunisere med ulike fagmiljø
- Evne til å sjå heilskap og samanheng på tvers av fagfelt
- Å kunne stå i krevjande situasjonar og ha ein omgjengeleg åtferd
- Ein sjøvstendig lagspelar og ein pådrivar
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit engasjert og utviklande arbeidsmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Introduksjonsprogram
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Spørsmål om stillingen / Kontaktperson:
Seksjonsleiar Hilde Tokle Yri, telefon: 97 75 76 00
Søknadsfrist: 21.08.2024