Nyheter

Ja til byggetrinn 2 i regjeringskvartalet

Bildet: Det nye regjeringskvartalet vil ha to publikumsinngangar, den eine blir i C-blokka

Stortinget har sagt ja til «Byggetrinn 2, del 1» av det nye regjeringskvartalet. Det betyr blant anna at Statsbygg nå kan starte bygginga av C-blokka.

– Vi går nå i gang med bygginga av byggetrinn 2 rett over nyttår, i januar i 2025, seier prosjektdirektør Jard Bringedal i Statsbygg.

C-blokka sett fra Møllergata

I «Byggetrinn 2, del 1» ligg blant anna bygginga av C-blokka, kjellerarbeider og rehabilitering av byggingar i Møllergata. I tillegg kjem etablering av byrom og store delar av den parken som er planlagd nord i kvartalet, og som blir eit viktig grønt bidrag til hovudstaden.

Rehabiliteringa av G-blokka vil vere del 2 av byggetrinn 2.

Stor aktivitet

Gjenreisinga av det nye regjeringskvartalet har gått føre seg ei stund allereie. Statsbygg hadde oppstart på byggetrinn 1 i januar 2021, og det er for tida stor aktivitet innanfor byggegjerdet på Hammersborg. Byggetrinn 1 skal ferdigstillast i løpet av 2025 og inneheld blant anna bygginga av A-blokka, D-blokka og kjellar 1, og dessutan rehabilitering av Høgblokka.

– Det nye regjeringskvartalet byggast for fleksibilitet for endring av departementsstruktur, oppgåvefordeling, arbeidsformer og kapasitet. Derfor er det bra å komme i gang med byggetrinn 2 nå, seier Jard Bringedal:

– Uavhengig av byggetrinn er dette eit spesielt prosjekt både med tanke på formål og historie. Vi skal bygge eit regjeringskvartal som blir eit effektivt departementsfellesskap med nødvendig sikkerheit i eit langtidsperspektiv. Det inneber blant at kvartalet blir sikra og beskytta etter bestemmingane i sikkerheitslova, forklarer Bringedal.

Over og under bakken

«Byggetrinn 2, del 1» utgjer 40.000 kvadratmeter med nybygg og rehabilitering, derav 36.700 kvadratmeter nybygg og 3.300 rehabilitering. Av nybygg er 14.900 kvadratmeter under bakken.

C-blokka er nybygget i byggetrinn 2. Etter D-blokka blir C-blokka den største bygningen i det nye regjeringskvartalet med sine 21.800 kvadratmeter fordelt over 11 etasjar.

C-blokka vil bli liggande mellom Grubbegata og Møllergata. Dei første etasjane i C-blokka inneheld fleire av regjeringskvartalet sine fellesfunksjonar, som møterom, kantine, servicetorg, kaffibar og bibliotek. 3. til 10. etasje vil ha typiske kontoretasjar, medan 11. etasje er tiltenkt teknikk. Det nye regjeringskvartalet vil ha to publikumsinngangar, den eine blir i A-blokka og den andre i C-blokka.

Møllergata

Husrekkja i Møllergata 13, 13b og 15 ligg så nært det nye regjeringskvartalet at den av sikkerheitsmessige årsaker har blitt erverva av Statsbygg. Bygga skal rehabiliterast. Dei skal ikkje brukast til departementsformål, men skal i framtida leigast ut.

– Tilstanden til bygga er dårleg, og dei må gjennom ei omfattande oppgradering for at dei i det heile kan leigast ut, seier prosjektdirektør Jard Bringedal.

Stortinget har fastsett kostnadsramma for «Byggetrinn 2, del 1» til 8,5 milliardar kroner (prisnivå per 1. juli 2025). I samsvar med vanleg prosedyre er det gitt fullmakt til årleg å prisjustere kostnadsramma etter gjeldande kroneverdi.

For C-blokka er Statsbygg byggherre, Skanska entreprenørar og Team Urbis/ Nordic Office of Architecture arkitekt.

Her kan du sjå ein offentleg tilgjengeleg beskriving av «Byggetrinn 2, del 1» – forprosjekt.

logo
Bjørn Laberg