Fellesprosjektet Arna-Stanghelle har kvalifisert fire aktørar til konkurransen om å bygge den første tunnelentreprisen i prosjektet. Kontrakten inkluderer mellom anna etablering av tre anleggstunnelar på til saman 3,7 km.
Dei som er prekvalifisert og konkurrerer om kontrakten er:
- AF Gruppen Norge AS
- Hæhre Entreprenør AS
- NCC Norge AS
- Skanska Entreprenør AS (arbeidsfellesskap med Vassbakk & Stol AS)
Kontakten er ein utføringsentreprise med antatt verdi på kring ein milliard kroner eksklusive meirverdiavgift.
Anleggstunnelar, fjellsjakter og endå litt til
Entreprisen omfattar etablering av tre anleggstunnelar på til saman 3,7 km, med kvar sin tilhøyrande bergsjakt for framtidig deponering av tunnelstein i Sørfjorden. Alle anleggsområda i denne kontrakten ligg tett på dagens E16.
Strekninga er utsett for skred, og det er naudsynt med omfattande skredsikring i forkant for å trygge anleggsområda. Det vil være behov for å stenge E16 periodevis mens dette sikringsarbeidet går føre seg. I tillegg må massane frå anleggstunnelene fraktast på dagens E16 frem til sjaktene er klare til bruk.
Entreprisen omfattar og etablering av midlertidige rundkøyringar på dagens E16 ved Dalehagen, gamle Fossen, Langhelleneset og Romslo. Rundkøyringane må på plass for å sikre av- og påkøyring til dei anleggsområda. I tillegg skal dagens kryss på Trengereid verte bygd om, og det skal etablerast eit deponi for tunnelstein.
Kontraktsignering over sommaren og oppstart til hausten
Det er venta at kontrakten vert signert like over sommaren og at arbeidet startar til hausten. Arbeida skal ta kring to og eit halvt år.
Anleggstunnelene må ferdigstilles før bygginga av de nye veg- og jernbanetunnelane startar opp i 2029. Stein frå bygginga av veg- og jernbanetunnelane skal fraktast via desse anleggstunnelene til sjakter i fjellet, der steinen kjem ut rundt 25 meter under fjordoverflata og faller til rundt 300 meters djup i fjorden.
«Spagetti» i fjellet
Dei tre anleggstunnelene på Romslo, Langhelleneset og Gamle Fossen vil krysse over eller under eksisterande jernbanetunnelar med få meter. For å sikre at jernbana kan gå som normalt under bygging av anleggstunnelane starta Mesta nyleg opp arbeid med reinsk og bergsikring i tre av dagens jernbanetunnelar på strekninga.